Byggjer. Bevarer.

Tharaso gjennomfører entreprisar for offentlege og profesjonelle byggherrar i Vestland. Frå moderne nybygg til krevjande rehabilitering tek vi ansvar for trygg og solid gjennomføring.

Ein entreprenør som tek ansvar

Tharaso er ei etablert entreprenørbedrift med base i Sogndal. Med røter i solid tømrarhandverk kombinerer vi brei fagkompetanse med erfarne prosjektleiarar - og tek ansvar for kvalitet og god gjennomføring.

Prosjekt

Det beste beviset på kompetansen vår er det vi har gjennomført. Frå nybygg og komplette entreprisar til omfattande rehabilitering av bygg med historie. 

Rehabilitering og verneverdige bygg

Tek vare på det som er verdt å bevare

Tharaso Entreprenør har solid erfaring med rehabilitering og verneverdige bygg. Vi kombinerer tradisjonelt tømrarhandverk med moderne byggkompetanse for å ta vare på kvalitetane i bygget og gi det eit vidare liv.

Tharaso har sentral godkjenning for arbeid på bevaringsverdige byggverk i tiltaksklasse 2.

Folk som kan faget

God gjennomføring startar med gode folk.

Tharaso har ein erfaren organisasjon med prosjektleiarar og fagfolk som kjenner byggeprosessen frå både byggeplass og prosjektleiing. Det gir korte vegar mellom planlegging og utføring, og folk som kan finne gode løysingar når utfordringar oppstår.

Vi satsar også på lærlingar og utvikling av eigne fagfolk. Slik tek vi vare på handverkskompetansen samtidig som vi byggjer kompetansen vi treng for framtida.

Aktuelt frå Tharaso