Rehabilitering og verneverdige bygg
Tek vare på det som er verdt å bevare
Å rehabilitere eit bygg krev ofte noko anna enn å byggje nytt. Eksisterande konstruksjonar skal forståast, historia skal respekterast og nye krav skal foreinast med kvalitetane som allereie finst.
Tharaso har gjennom mange år opparbeidd solid erfaring med rehabilitering og arbeid på verneverdige bygg. Vi kombinerer tradisjonelt tømrarhandverk med moderne byggkompetanse og erfaring frå krevjande prosjekt.
Det handlar ikkje berre om å reparere det gamle. Det handlar om å finne gode løysingar som tek vare på verdiane i bygget og gir det eit vidare liv.
Tharaso har sentral godkjenning for arbeid på bevaringsverdige byggverk i tiltaksklasse 2.
Nokre av våre rehabiliteringsprosjekt