Vi byggjer nytt. Og tek vare på det som er bygd.
Tharaso er ein entreprenør med base i Sogndal. Vi gjennomfører byggeprosjekt for offentlege og profesjonelle byggherrar, frå moderne nybygg til krevjande rehabilitering og verneverdige bygg.
For oss handlar eit godt byggjeprosjekt om meir enn planar, framdrift og økonomi. Det handlar også om å forstå bygget, finne gode løysingar og levere arbeid som skal stå seg over tid.
Det er særleg viktig når vi arbeider med rehabilitering og verneverdige bygg. Her kombinerer vi moderne byggkompetanse med solid handverk og respekt for det som er verdt å ta vare på.
Med erfarne prosjektleiarar, dyktige fagfolk og gode samarbeidspartnarar tek vi ansvar frå planlegging til ferdig bygg.
Tharaso. Byggjer. Bevarer.
Frå tømrarfag til entreprenør
Tharaso blei etablert i Sogndal i 2003, med tømrarfaget som utgangspunkt. Sidan den gong har oppdraga blitt større, kompetansen breiare og organisasjonen utvikla seg i takt med nye krav og moglegheiter.
Tømrarhandverket er framleis ein viktig del av fundamentet vårt. Det tek vi med oss vidare som ein moderne entreprenør med respekt for både godt handverk og det som allereie er bygd.