Tharaso søkjer prosjektleiar

Vil du leie spennande byggeprosjekt i vår region?

Tharaso er i utvikling, og vi ser etter ein prosjektleiar som vil vere med og ta ansvar for nye og eksisterande prosjekt.

Hjå oss får du jobbe med varierte byggeprosjekt i regionen. Vi gjennomfører større entreprisar og rehabiliteringsprosjekt for både offentlege og private oppdragsgivarar. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle frå planlegging og oppstart til ferdig prosjekt.

Dette blir jobben din

Som prosjektleiar har du ansvar for å planlegge, styre og følgje opp eigne prosjekt. Du samarbeider tett med kundar, leverandørar, underentreprenørar og våre eigne fagfolk.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt

  • økonomi-, framdrifts- og kvalitetsoppfølging

  • koordinering av eigne fagfolk og underentreprenørar

  • innkjøp og oppfølging av leverandørar

  • oppfølging av HMS

  • kontakt med byggherre og samarbeidspartnarar

  • kalkulasjon og arbeid med nye prosjekt

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har erfaring frå bygg- og anleggsbransjen og som trivst med å ta ansvar.

Du kan ha bakgrunn som ingeniør, fagskuleingeniør, byggmeister eller tilsvarande. Relevant erfaring kan vere like viktig som formell utdanning.

Du jobbar strukturert, kommuniserer godt med folk rundt deg og klarer å halde oversikta når mykje skjer samtidig. Og ikkje minst: Du likar å sjå eit prosjekt gå frå teikning til ferdig bygg.

Kvifor Tharaso?

I Tharaso blir du ein del av eit lokalt og erfarent fagmiljø. Vi har korte vegar frå idé til avgjerd, og du får stor påverknad på prosjekta du leiar.

Vi kan tilby varierte og utfordrande prosjekt, gode kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsstad er Sogndal, med prosjekt hovudsakleg i Sogn og Fjordane.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

·      trond@tharaso.no tlf. 99482830

·      ole@tharaso.no tlf: 976 80 224

Interessert?

Ta kontakt med dagleg leiar Trond Helgesen for ein uformell prat, eller send oss søknad og CV på firmapost@tharaso.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Saften ferdigstilt